Velkommen til heimesida til
Hegglandsdalen skule
Litt informasjon om skulen
I Hegglandsdalen i Os kommune i Hordaland, mot grensa til Samnanger, ligg ei lita skule med 53 elevar. Grunna auka elevtal dei siste åra vart skulen påbygd vinteren 2000. Difor var båe personalet, elevane og dei lokale bebuararne særs overraska då Os kommune kom med forslag om å leggje ned skulen frå hausten 2002. Heldigvis for oss som heldt til med skule i bygda var det ikkje politisk semje for å leggje ned skulen.
Klassane ved skulen
Hegglandsdalen skule er fådelt. Det vil seie at fleire klassetrinn går saman i ei klasse, og Hegglandsdalen skule var skuleÃ¥ret 2001 / 2002 firedelt på denne måten:
1. og 2.klasse saman - 19 elevar
3. og 4.klasse saman - 11 elevar
5. og 6.klasse saman - 14 elevar
7.klasse åleine - 9 elevar
Elevtalet ved skulen
1.klasse: 11 elevar - 8 jenter / 3 gutar
2.klasse: 8 elevar - 3 jenter / 5 gutar
3.klasse: 5 elevar - 4 jenter / 1 gut
4.klasse: 6 elevar - 3 jenter / 3 gutar
5.klasse: 10 elevar - 5 jenter / 5 gutar
6.klasse: 4 elevar - 1 jente / 3 gutar
7.klasse: 9 elevar - 4 jenter / 5 gutar
Skriv i vår gjestebok!
Vi ser gjerne at de skriv dykk inn i gjesteboka vår.
Skriv en mail til postmaster.
Personalet ved skulen
Ved skulen er det skuleåret 2001/2002 tilsett 8 lærarar inkludert rektor. 6 av desse stillingane er 100%.
Hegglandsdalen skule har SFO i det same bygget, og assistentane ved skulen er dei same elevane treff på i SFO. Personalet på SFO teller fire personar, med leiar og 3 assistentar. Alle desse er deltidsstillingar.
Anna personale ved skulen er kontorfullmektig som er der tysdag og torsdag. Vaktmester som er der kvar tysdag, samt vaskepersonale.
Dette gjer at vi totalt er 15 arbeidarar knytte til skulen.
webmaster@smithfamily.com.