Site Template -- Geneology






Hovudsida

Informasjon til heimen

Anna informasjon

Biletegalleri

Elevarbeid

Vurdering

5.klasse

  


Informasjon til heimen


Aktivitetsplan våren 2002

8.februar: Skulen vår 1-2.klasse
veke 8 : Felles tema på skulen
onsdag 13.februar: Foreldremøte for 5. og 6.klasse
veke 8 : Leirskule - 7.klasse
veke 9 :vinterferie
22.februar: Karneval
8.mars: Skulen vår 3-4.klasse
veke 15 : Heimstaden min
Rydde stigar - Møsnuken
Rydde stigar - Åsadilten
5.april: Skulen vår 5-6.klasse
3.mai: Skulen vår 7.klasse
veke 20 : Øve til 17.mai
31.mai: Skulen vår SFO
veke 23 : "Skratt"
veke 24 : Overnattingstur - 6.klasse
veke 25 : Aktivitetsdag
veke 25 : FAU / skule arrangerar avslutning for elevar, personale og føresette.

Den gode skule

Årsplan for 2001

Den gode skule i Hegglandsdalen

Hovudkapittel 1.0: Målsetjingar
Innan dei fire områda skal skulen særleg leggje vekt på desse mål:

1.1.1 Målet for samarbeidet mellom heim og skule er:

* Få positiv innverknad på oppvekstmiljøet i bygda.
* Laga ein plan for bruk av nærområdet kring skulen.

1.1.2 Målet for personalet ved skulen er:

* Arbeide for eit godt klasse- og skulemiljø.
* Vere ein aktiv støttespelar i eleven si sosiale og faglege utvikling.
* Gjera elevane til aktive deltakarar i planlegging, gjennomføring og evaluering av læringa.


1.1.3 Målet for gruppa og klassen er:

* alle elevane skal auka sin kompetanse innan IKT.
* alle elevane skal ta delansvar for si eiga sosiale og faglege utvikling.

1.1.4 Målet for den einskilde elev er:

* at eleven skal bli trygg på seg selv.
* at eleven skal møte krav og forventningar som gjev utvikling.

1.2.0 Handlingsmål
1.2.1 Handlingsmåla for samarbeid mellom heim og skule.
- FAU og skule set opp dissestativ med sandgrop på leikeplassen.
- FAU og skulen skal gje elevane sit sosialt tilbod både i og utanom skuletida.
- FAU skal kartleggje aktivitetar i dalen og gje skulen namn på ressurspersonar som kan nyttast i skulen.

1.2.2 Handlingsmåla for personalet.
- Skulen skal innføre Lions Quest i 2001 til 3.klasse og i 4. og 5.klasse.
- Pedagogisk personale skal lage rutiner og metodar for vurdering utan karakterar.
- Personalet skal ha tydelege vaksne med klare grenser. Reglar kring Open skule, plan for konfliktløysing og liknande skal takast opp kvart halvår.
- IKT og IKT-plan skal arbeidast inn i tema- og fagplanar i 5., 6. og 7.klasse. IKT skal vera eit hjelpemiddel til å innhente, bruke og formidle kunnskap.
- Personalet skal få tilbakemelding på arbeid og framferd.
1.2.3 Handlingsmåla for gruppe og klasse.
- Elevane skal ha eigne prosjekt innan IKT, og IKT skal vera ein arbeidsreiskap for elevane på skulen. Jmf. IKT-plan. Jentene skal ha tid på datarommet aleine.
- Klassane skal løyse ansvarsområda sine i samsvar med dei krav som elevråd og skule utarbeider.
- Elevane skal ta ansvar for eige arbeid utifrå alder og utvikling.

Skuleruta 2002

3.januar: Fyrste skuledag etter juleferien
1.februar: Elevfri dag / planleggingsdag for lærarane
veke 9: Vinterferie
veke 13: Påskeferie
tysdag 2.april: Elevfri dag / Planleggingsdag for lærarane
onsdag 3.april: Fyrste skuledag etter påskeferien
onsdag 1.mai: Offisiell Høgtidsdag
torsdag 9.mai: Kristi Himmelfartsdag
fredag 10.mai: Elevfri dag
fredag 17.mai: Grunnlovsdagen
måndag 20.mai: 2.pinsedag
fredag 21.juni: Siste skuledag før sommarferien

Ordensreglar ved Hegglandsdalen skule

Ordensreglar ved Hegglandsdalen skule.

Innleiing.
Vi vil at skulen skal vera ein stad der alle kan trivast. For å få det til må føresette, elevar og tilsette samarbeida om at ordensreglane ved skulen vert fylgde. Gjensidig respekt og tillit mellom heim og skule er naudsynt for å få dette til å fungera.

Respekt og likeverd.
Trivsel oppnår vi i skulesamfunnet når vi kan stola på kvarandre, difor er det viktig at alle er ærlege, hjelpsame og omtenksame.
Vi må ta omsyn til at vi er ulike. Å plaga og erta passar ikkje med desse reglane.
Ein må fara fint med bøker og utstyr som er skulen, medelevar og tilsette sitt. Dersom noko vert øydelagt med vilje, må det erstattast.

Organisering av skulekvardagen.
Alle elevar skal fylgja klassereglane og organiseringa av skulekvardagen som elevar og lærarar er komne fram til.
Elevane skal møta presis til timane og hugsa å ta med bøker og utstyr.
I skuletida er læraren elevane sin føresette.

Helse.
Rusmiddel og tobakk er forbode å bruka i skuletida og på tilstellingar/arrangement på skulen.
Det er ikkje lov å bruke snop og tyggegummi på skulen i skuletida fra 07.30 til 16.00.

Trygging av skulemiljø.
Elevane har høve til å sykla til skulen når dei tek til i 5.klasse. Dei som syklar skal nytte
sykkelhjelm. Sykkelen skal stå på tilvist plass i heile skuletida.

Vi må unngå farleg leik. Fotballspeling, snøballkasting og liknande skal skje på tilvist plass.

Reaksjonar.
Dersom ein elev bryt ordensreglane, skal lærar, klassestyrar, evt. rektor snakka eleven til rette. Ved gjentatte og grove regelbrudd vert heimen kontakta.
Barn på skulen er ulike og har ulike forutsetningar, difor vil og konsekvensane vere ulike.



Hegglandsdalen 31/05-00


Frode Haugland og Ole Lars Strønen
Leiar i Skulerådet - rektor


Godkjent 30.05.00 i Hegglandsdalen Skuleråd.

Vil du lese om dei andre skulane i Os?

Dei andre skulane i Os